Diskuterte spesialiserte sesongvarsel for landbruksorganisasjonane

16. juni presenterte Erik Kolstad og Alex Lenkoski sesongvarsla for juli 2021 for partnarane i Climate Futures si node for bærekraftig matproduksjon.

Erik Kolstad presenterte dei nye sesongvarsla for sumaren 2021 for noden for bærekraftig matproduksjon.

Dei eksperimentelle sesongvarsla er baserte på fleire modellar, køyrt over hundre gongar til saman, som så kombinerast med observasjonar av været over ein lengre periode.

Resultatet er varslar som ser opptil nokre månader fram i tid – ikkje på nedbør og temperatur frå dag til dag, slik vi er vande til frå vêrvarselet, men korvidt den komande perioden til dømes vil bli våtare eller kaldare enn normalen.

– Vi bruker ein referanseperiode som går frå 1993 til 2020, og så deler vi alle julimånadane i denne perioden i tre like store grupper – «kaldare enn normalt», «som normalt» og «varmare enn normalt», seier Erik Kolstad.

– Men, det er viktig å presisere at Noreg har blitt varmare i løpet av referanseperioden. Det betyr at sannsynet i 2021 for at juli skal havne i kategorien varmare enn normalt er noko høgare enn 33 %.

Det har blitt varmare sidan 1993, som betyr at sannsynlegheita for ein varmare enn normal 2021 er høgare enn 33%.

Det tek tid for maskinene som modellane køyrer på å kverne ut dei store mengdene data som ligg til grunn for slike varsel, difor er dei baserte på situasjonen slik klimasystemet såg ut den 1. juni.

I tillegg til dei vanlege varsla, la Climate Futures denne gongen også fram samanlikningar med juli 2018, som var ei utfordrande tid for landbruket, med den tørraste sumaren i manns minne og stor avlingssvikt.

Sannsynlegheit for at Juli 2021 blir tørrare enn Juli 2018.

– Det er mindre enn 10 % sjanse at 2021 blir varmare enn 2018. Og det er 10-20 prosent sjanse for at det blir tørrare enn 2018. Det er ikkje ein ubetydeleg prosentandel, det er uansett ein liten sjanse for at det blir tørke, men mindre enn i 2018, seier Kolstad, noko som fleire av representantane i landbruksorganisasjonane sa fekk dei til å senke skuldrane litt.

Spesielt viktig for landbruket er naturleg nok korleis vêret kan påverke korleis det gror og spirer i jorda.

Dette blei teke opp på diskusjonen i etterkant, der fleire av organisasjonane tok opp sine behov for meir spesialiserte varsel.

Fruktbøndene er spesielt opptekne av moglegheita for frost på våren og tidlegsumaren, medan assisterande fylkeslandbruksdirektør i Vestland, Bjørn Harald Haugsvær, blant anna tok opp at det viktigaste for dei er korvidt værsystema låser seg – så ein får same forholda over lengre tid:

– Spesielt er dette viktig rundt innhaustinga, skiftande vêr er vi vande til.

Climate Futures takkar representantane frå Norsk Landbruksrådgivning, Gartnerhallen, BKK, Agder Energi og andre for tilbakemeldingane undervegs. For meir informasjon eller forslag til varsel som kan utviklast, kontakt Tarje I. Wanwik, leiar for noden bærekraftig matproduksjon.

Skroll til toppen