Fleire medlemmer i Climate Futures har bidrege til Senter for hav og Arktis sin nye rapport, Blått kompass.
Det internasjonale høgnivåpanelet for ein bærekraftig økonomi (Havpanelet), initiert av Erna Solberg i 2018, skreiv i desember 2020 16 vitskaplege statusrapportar med handlingsretta globale anbefalingar. Blått kompass har teke utgangspunkt i desse, og laga oppsummeringar for norsk kontekst, og nasjonale anbefalingar for tiltak.
Linda Nøstbakken, forskingsdirektør i Statistisk Sentralbyrå, har bidrege til kapittel 1, «Slik kan Norge produsere mer mat fra havet». Sjef for innovasjon i Climate Futures, Øyvind Paasche, seniorrådgivar og seniorforskar ved NORCE, UiB og Bjerknessenteret, har bidrege til kapittel 8, «Nasjonalregnskap for havet og havøkonomien».
Rapporten publiserast opent i eit digitalt format for å sikre bærekraft og tilgjengelegheit.
– Vi håper at produktet kan vere nyttig for næringsliv og forvaltning, og vere eit kompass for å stake ut kursen, skriver rådgjevar Therese Rist og prosjektleiar Edel O. Elvevoll hos Senter for hav og Arktis.
Les heile rapporten «Blått kompass» på havarktis.no
Foto: Denise Jans / Unsplash